RJÅNES UNGDOMSSENTER

- SELSKAPS- OG STEMNELOKALE

- KURS, MØTER OG SEMINAR

- OVERNATTING

- LEIGE AV UTSTYR

 

 

SELSKAPS- OG STEMNELOKALE

 Rjånes ungdomssenter har rom og utstyr til barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, bursdag, slektsstemne eller minnestunder. Vi kan til saman i møtesalen og peisestova romme over 100 gjester til festbord. Matsalen rommar opptil 75 gjester. Ta gjerne kontakt utan forpliktingar.

 Med tilreisande gjester er det og enkelt å huse dei hos oss. Med 8 rom med 6 senger og 3 rom med 3 senger, har vi 57 senger på 4 hytter. Ein kan leige sengeklede.

 Vi leiger gjerne ut delar eller heile huset, og de har slik moglegheitene for å gjere selskapet til dykkar eige. Med eit godt høgtalaranlegg med teleslynge, på heile hovudbygget skulle det vere eit godt utgangspunkt for eit vellukka arrangement.

 For dei aller minste kan vi tilby 4 barnestolar, som kan gjere middagen kjekkare både for liten og stor. Vi har eit flott uteområde med alternative aktivitetar i ulike aldersgrupper. Inne har vi ulike brettspel, fottballspel og leikar for dei aller minste.

 KURS, MØTER OG SEMINAR

 Har du tankar om å arrangere kurs, konferanse, møte eller seminar, kan Rjånes ungdomssenter absolutt vere staden for deg. Her tilbyr vi deg å leige staden utan andre forstyrrande element, her leiger du delar eller heile huset, med eller utan hytter til di samling.

 Av utstyr kan vi nemne Whiteboard-tavle med flippover og skjerm, separat skjerm, flippover, overhead, lysbildeapparat, projektor, video, kopimaskin, faks, telefon, piano i møtesal/peisestove, piano i matsal og lydanlegg med teleslynge.

 Rjånes ungdomssenter har eit flott uteområde med ulike aktivitetar og fine turmål.

 Med våre fasselitetar skulle det vere moglegheiter for eit vellukka arrangement til konkurransedyktige prisar. Ta gjerne kontakt.

 OVERNATTING

 På Rjånes ungdomssenter har vi 4 hytter med til saman 57 senger. Kvar rom har vask, med toalett og dusj på kvar hytte. Dei tre hyttene Matteus, Markus og Lukkas har 2 rom med 6 senger og 1 rom med 3 senger. Medan Johannes har 2 rom med 6 senger og eit vaskerom med tilgang til vaskemaskin og tørkeskåp.

 Alle senger har dyne og pute og fekk nye madrassar i 2003, ein kan leige sengeklede og handdukar.

 For tida leiger vi ikkje ut til tilfeldig overnatting, men tek gjerne imot grupper som bestiller på førehand.

 

LEIGE AV UTSTYR

 Vi leiger ut:

4 Kanoar med symje-/redningsvestar                                    

5 BMX/triksesyklar                                

1 Biltilhengar (lastevekt 1000 kg)

1 Damprensemaskin

1 Projektor