RJÅNES UNGDOMSSENTER ![]()
![]()
Rjånes ungdomssenter er ein av NLM sine leirstadar i Sunnmøre og Romsdal krins.
NLM nyttar staden til ulike arrangement, i tillegg til dette har vi god utleigekapasitet til ulike lag, organisasjonar og privatpersonar, til kurs, møter, konferansar eller selskap
På
hovudbygget har vi møtesal, peisestove, matsal og eit godt utstyrt kjøkken.
Hovudbygget er svært godt tilrettelagt for rullestolar og utan trapper.
Av
overnatting kan Rjånes ungdomssenter tilby 11 rom med 3 og 6 senger
fordelt på 4 hytter, til saman 57 senger. Det er servant på romma,
felles toalett og dusj på kvar hytte.
Av
utstyr til kurs og konferanse kan vi nemne: Whiteboard-tavle med flippover og
skjerm, overhead, projektor, video, kopimaskin, faks og telefon.
Staden ligg fint til for leik og aktivitetar, vi tilbyr bruk av klatrevegg, trampoline, fotballplass, basketballbane, volleyball-/tennisbane diverse leikeapparat. Vi leiger ut 5 BMX/triksesyklar og 4 kanoar. Her er mange flotte fjell med mange turmoglegheiter. Ved sjøen er det ein flott turveg med fiskerampar tilrettelagt for rullestolbrukarar. Like ved naustet vårt er det eit friluftsområde med fin badestrand.